Pode er framleis seks år gammal, sjølv om dette er fjerde boka om han, og denne gongen skal han feire jul. Far elskar jula, og skal bake femti sortar julekaker. Mor elskar også jula og skal synge femti julesongar, og heile familien skal feire jul i ei gammal, stor hytte lange oppe på fjellet. Alle får ei fantastisk jul, med snø, skiturar, peiskos og marsipan. Berre ikkje Pode. Han har det ikkje bra i det heile teke, og ikkje får han peiskos og marsipan heller, sidan nokon prøver å stele familien hans!
Anti-Pode er fjerde boka om Pode. Ein serie bøker som er fulle av humor og overdrivingar i eit lett leseleg språk.









































