Verkelege eventyr kan utspele seg rett utanfor kvar dør, utan at vi får auge på dei. Alt er avhengig av sinnet åt den som bur inne i huset. Fru Ferenz var i ferd med å gjennomgå ein transformasjon; bilete hadde teke til å syne seg for henne på den kvite duken, i tapeta, på augelokkas innside, på gardinenes likskapar med kinoens magiske lerret. Etter å ha lese ordet for dagen - at Herrens vegar er uransakelege- fann ho fram den grøne boka med affirmasjonar for auka velstand og takka dagen for alle gode og all støtte, deretter gjekk ho ut for lettare å vente på Guds vilje.
....ein mann som har brote opp frå eit vanleg liv kjem til byen Cuitadella på nordkysten av Menorca. Han har "vandra" i ti år, før han no slår seg ned på øya. han er ein religiøs mystikar og fantast, og etablerer sjelesorgpraksis på øya. gjennom dette blir han kjend med fru Ferenz, ein sjelfrende. Saman diskuterer dei religiøse spørsmål, og blir gradvis tiltrekte av kvarandre. på same tid blir øye skaka av at fleire unge kvinner blir funne døde.... Stemningar og inntrykk, lydar og bilete frå øya utgjer den konkrete ramma rundt det mystiske universet....













































