Døgndrift
KARIN MOE: "INFORMERT DRIFT" STAVANGER AFTENBLAD 16.10.98
Torild Wardenær løyser på sine metodiske grep i si fjerde bok, «Døgndrift». Den har ikkje samlande kompositoriske og metaforiske grep, slik som «Houdini til minne», frå 1997. Likevel er her eit kretsande tema, kretsande rundt tida og dei ulike kvalitetane i vaken tid og i søvntid.
Me kjenner igjen den utvida kollektive og kjemiske subjektiviteten som er Wardenærs diktar-ego eller diktarsubstans, det ville vera eit betre ord for det porøse subjektet, eller partikkelskrifta som driftar i ulike element, ulike register som luft, tanke, blod og lys. Kroppen er ikkje begrensande i dette diktuniverset, kroppen kommuniserer veldig, med alt levande, til alle tider.
Den er ikkje romantisert, finn ofte sitt tekniske vokabular frå naturvitskapane, frå fysikken, frå biokjemien. Kroppen møter det imaginære med sitt hjerneregisters katalogiserande og ordnande forråd og med sin fysiske, reelle materie; Wardenær går uoverfladisk til verks, punktvis og ordnande. Men også med eit parodisk sideblikk til eigne metoder og den tilsynelatande nyetablerte orden, akk, så midlertidig, så lokal! Her om året sat vinnarane av Nobel-prisane i eit studio og diskuterte på tvers av faggrensene. Mange, frå naturvitskapane, viste til eit merkeleg fenomen: at lyrikken, naturlyrikken i vår tid, var så milevidt frå oppdagingane i naturvitskapen, var så romantisk, så falskt humanisert. Wardenær gjer noko med dette. Undersøkjer også denne fordommen.
Det har lenge vore gjort noko med dette; eg sender pakken tilbake til naturvitarane; det er godt mulig dei har lese feil poesi. Wardenær kjem på rekke med surrealistane, med modernismens utforsking av straumane frå medvit og undermedvit, med utforskingane av det intersubjektive rommet og tilhøyrigheita i verda, ved forfattarar som Hildegard von Bingen, Virginia Wolf, Nathalie Sarraute og brasilianske Clarice Lispector. I dette feltet er det også nærliggjande å ta inn den mystiske erfaringa, dei symbiotiske religiøse sansingane: eitt med, alt med.
Her må ein trø med godt konturert sko; det gjer Wardenær. Ho vil spesifisera og veit at ho er del i denne spesifiseringa. Poesien hennar er presis i det oppløysande, ho insisterer på «våre fint siselerte hjernen", på kunnskap i kjennskapen. Også «Døgndrift» er informert drift. Denne boka utspør og utprøver den noko lengre setningen, kortprosastykka innfører ein normalitet som balanserer destabiliteten. Wardenær tar oss med på kunstutstilling, på køyretur, på kyrkjebesøk og gir rammer i det «gamle» realistiske repertoaret. Eg vil seia at den vedtekne normalrealiteten er sterkare til stades i denne boka, og med det muligens sterkare utfordra? Eller kan dette inntrykket botna i at fleire utvida subjektrøynsler er komne inn i varmen, inn i den trivielle fellesrealiteten: eg tenkjer ma.a. på at vekeblad og triviallitteratur renn over av utanomkroppslege erfaringar, før-døden opplevingar, religiøse gjennombrotserkjenningar og mirakel. Skulle eg vera perfid, ville eg seia at dette må då merkast i poesien!
Der er store språklause felt i dag, patetisk hjelpesløysa, i alt snakket. Språkløysa er stor også i vitskapen, spesielt i naturvitskapens språk for sjølvforståing. Klisjeane peikar og gaper, men dei peikar. Å få på plass nye språklege konvensjonar hastar; poetar i dette feltet tar på seg eit stort intersubjektivt, kollektivt arbeid. Poetane burde vore på statens helsebudsjett, eller samferdslebudsjett, spør du meg.
Det er i dette feltet Wardenær arbeider, presist og slepphendt, hard i tankekantane og med djupt alvor, på kanten av søvn og draum. I dag er naturvitskapane igjen i ferd
med å bli ideologi, fleire og fleire bøyer seg for genmetafysikken. Og globalisering heiter det på marknadsspråket, at alle går i eitt. Då treng me poetar som Wardenær














































