Komme og gå er noko så sjeldan som ei bildebok for barn i svart/kvitt foto. Alle bilda er tekne av forfattar og fotograf Morten Øen langs Alnaelva i Groruddalen, men forteljinga kunne ha hendt kor som helst. Eit barn rømmer frå mors sinne og opplever eventyr som ikkje alle er heilt frivillige. Tema er hent frå den gamle greske filosofen Heraklit: Du kan ikkje stige ned i den same elva to gonger.













































