Pode er seks år gammal, og nokon er ute etter han! Pode veit ikkje kvifor. Han veit ikkje eingong at nokon er ute etter han! Men etter kvart skjønar han det. Nokon er ute etter han og får han til å nyse. Kvifor i all verda skal nokon få han til å nyse? Og kven er det som gjer det?
Pode nys mykje, og for kvar nys skjer det noko mystisk som ingen hadde rekna med! Ikkje eingong han som er ute etter Pode!
Pode får snue er tredje boka om Pode. Ein serie full av humor og overraskingar, i eit lettleseleg språk!









































