KIRSTI MATHILDE THORHEIM: ATOMDANSENS POET
DAG OG TID 16. MARS 2007
Torild Wardenærs diktsamling er grensesprengjande.
Utforskande, vilt og tankeutvidande. Mellom naturvitskap og draum held den særeigne poetiske røysta til Torild Wardenær oss endå ein gong i age, som i den førre boka, Paradiseffekten. Men etter mitt syn tek ho med denne eit nær sagt kvantesprang i leikande mot, biletrikdom og tankekraft, mellom det ekspanderande og det fortetta. Ikkje det at tekstane lett let seg fatte med forstanden. Eg manglar så mange av referansane til dette eksistenstyngde, kosmiske, profetiske universet ho så myndig og sjølvsagt manar fram. Og likevel vil eg vere der. Eg vil vere i desse svingningane mellom fysiske formlar og kjærleikens gjerningar. Eg vil følgje henne ut i dei ytste galaksane og ned til den minste art på jorda. Språket og tanken skal utfordrast så mykje at eg får gløtt inn i meiningsskapande rom.
Ei kosmisk erkjenning
Alt tittelen på boka, Psi,varslar noko grensesprengjande, dette forunderlege symbolet, subatomet i kvantelæra, eller "femtedimensjonen hvor alt står i forbund og aldri går tapt", og "bølgen som får himmel og jord til frivillig å skifte plass" (s. 59), med fortolkinga til diktaren. Så er faktisk psi også nest siste bokstav i det greske alfabetet. I Wardenærs poetiske univers kan tittelen forståast som ein forfattarambisjon om å finne eit samband mellom språk og kosmisk erkjenning gjennom ein atomær storleik. I Paradiseffekten nemner Wardenær i eit dikt "stavelsen over alle stavelser, den hellige lyden OM". Eg tenkjer at med søkinga hennar etter det overskridande språket, har ho no kome fram til Psi.
Kjærleikens siger
Alt i det første diktet vert det presentert eit overordna tema som skal utviklast gjennom boka idet eg-et "innrømmer…at jeg tilhører en høyt utviklet art, men at jeg ennå ikke er i stand til å elske min neste". Denne utsegna speglar òg ei audmjuk haldning. Men Wardenærs diktarrøyst utfaldar likevel for det meste ei suveren haldning. Fire dikt er skrivne eksplisitt over "Kjærlighetens gjerninger" med referanse til Kierkegaard (s. 54). Udøyelegskap er ei av desse "gjerningane" eller konsekvensane. Ein annan at hjartefrekvensen aukar og teiknar seg forunderleg i eit "biletdikt", som eit diagram (s.42). Dette er også døme på fleire typografiske unnatak. I det tredje kjærleiksdiktet er orda "ja" og "nei" strøydde ut over ei side på all verdsens språk, utan at eg kan kontrollere det.
Nære og fjerne tilstandar er det Psi inneber. Wardenær tek oss mellom anna med på sju "metafysiske ekskursjonar"; manande og utprøvande utforskar ho tidsdimensjonen og tidsrøynslene; "trekker sekundenes svære oldtid i tvil" (s. 56). Særskilt meningsgjevande blir alt dette når vi legg til tre "forlatthetsprøver": "… og du blir borte for alltid mens jeg ser ut til å være i live, brekker et stykke tid fra et stykke tid som om ingenting var hendt, holder det mellom hendene et øyeblikk før jeg plutselig mister det dypt ned i en verdensrevne, men/allerede er jeg sikker på at det ikke for alltid er tapt/ allerede er jeg sikker på at arkeologene eller muldvarpene vil hegne om det." (s. 54)
Desse felta famnar det heile; spørsmåla som smertar og lyfter oss opp i eit eksistensielt univers.
Ein poetikk
I den første ekskursjonen kan ein lese ein poetikk, då det vert sagt om diktet: "Jeg oppgir alt for at det skal kunne berette, og om det er aldri så stotrende hjelpeløst/lar jeg det freidig tale og vise fram sitt sanne gammelmodige hjerte. / Hvis ikke, er det ikke levedyktig, hvis ikke kan du aldri se det, og det må du;…… diktet skal, med sin naive kurtise/langsomt tvinge deg i kne og umerkelig berøve deg fornuften,…" Dette les eg som eit programskrift for Wardenærs diktarprosjekt totalt sett. I desse linjane bølgjar heile det forunderlege, gåtefulle diktaruniverset hennar.
Tida, døden og språket står på spel, dimensjonar det gjeld å mane til forsoning eller overvinning "…for tiden har gått meg i blodet, men blodet er et hemmelig brorskap, slipper ingen kunnskap ut bortsett fra noen kvink, psi, klynk, hysj…" (s.20). Psi? No som ein lyd: "det er bedre enn ingenting, og jeg begynner å tvile på nødvendigheten av veltalenhet". Slike lydar er "fullt ut tilstrekkelige", vert det slege fast. Her kan ein vere kjepphøg og ta Wardenær i ei stor sjølvmotseiing,vel å merkje berre om diktaren står inne for eg-et i dikta. For hadde det vore nok med slike lydar, hadde ikkje denne boka vore noko verd. Men då hadde også eg som lesar godteke sigeren til rasjonaliteten. Det gjer eg ikkje i møte med kunsten. Påstanden er del av den refleksive sjølvgranskinga til dikt-eg-et mellom to permar.
Ein slutt
Denne boka er så rik og kan lesast ut frå så mange perspektiv, at ei bokmelding strekk ikkje til for å gje boka ei rettvis utlegging. Heller ikkje for å gje lesarane det totale biletet av eit slikt diktprosjekt, som at dei 41 dikta er forma som "Arvestykke", høgt heva over den materielle arven. Det er ikkje nokon som skriv slik som Torild Wardenær. Språkspranga, tankespranga og dei vågale koplingane mellom jordisk liv og kosmisk spekulasjon set seg ut over dei fleste konvensjonar og forventningar til kva ein diktar kan seie oss. Torild Wardenær greier å gje oss glede, venleik og djup erkjenning i ei og same bok.














































