I Radiodikt utviklar Hauge den konsentrerte forma frå haiku-samlinga Grønt (2000) og samlinga Bare (2002). No leikar Hauge med nostalgien, han vitjer folkeminna, ordtaka og ønskedikta, og prøver òg å nærme seg det som ikkje kan seiast, gjennom enkle bilete og overraskande samanstillingar.
”Som skulptøren, med hammar og meisel, skrellar Øystein Hauge bort det overflødige. Når han snakker om ”ordskorpa, den overflatiske litteraturen” i eit av ”fragmenta frå nattevaktas dagbøker”, er det gjennom språkoverflata han trenger”.
NRK-P2
”..her er dikt som peikar bakover, mot ei radiotid, mot ei fortid. Det er godt skrive, og det minner til dømes om Paal-Helge Haugen seint på 1960-talet, som igjen har lært av dei same kjeldene som Hauge; den austlege poesien frå Japan og Kina, slik også kirsebærblomen og songen Sukiyaki talar klart om. Øystein Hauge har ofte ein lett og leiken haldning til poesien. …og her er ein del klartsansa dikt som står seg gjennom fleire lesingar - som det gjennomført vakre diktet ”Fisk og sykkel”.
DAGBLADET
”På tre år har Øystein Hauge gjort mer for lyrikken enn de fleste forfattere rekker på et tiår .. Og som en avsluttende kuriositet nevner jeg en tittel som skal bli min favoritt i lang tid framover: ”Eldste bror min har vore i Tvedestrand og kjøpt seg Hawaiiskjorte”. Kan et dikt bli mer herlig underfundig?”
AGDERPOSTEN













































